Praktisk informasjon

Vi ønskjer at du som pasient, pårørande eller besøkande skal føle deg trygg og få god informasjon hos oss. Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal komme deg hit, daglege rutinar, mattilbod, parkering og andre servicetilbod ved sjukehuset.

Om du ikkje finn svar på det du lurer på, oppmodar vi deg til å ta kontakt med personalet.



Andre tilbod 

Videokonsultasjonar i Helse Bergen

Utvalde avdelingar i Helse Bergen nyttar videokonsultasjonar. Her kan du lese meir om ​sikkerheit,personvern og praktiske instruksjonar om korleis du nyttar tjenesta.

Informasjon til pasient som skal bruke videokonsultasjon mot Helse Bergen.

Barn på sjukehus

Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. At barnet har foreldre eller andre nærståande personar med seg som støttar dei, er avgjerande. Som sjukehus prøver vi å legge til rette for at opphaldet skal vere litt meir enn berre sjukdom og behandling.

Les meir om tilbod for barn på sjukehuset

Ungdom på sjukehus

Her på Haukeland ønsker vi å legge til rette for at ungdom får god, tilpassa informasjon om sjukdom og behandling. Vi vil gjere vårt beste for at du skal kunne halde kontakt med vener og familie, og at du ikkje går glipp av for mykje skulegang.

Les meir om tilbod for ungdom på sjukehuset

Pasientbiblioteket

Pasientbiblioteket på Haukeland tilbyr utlån av bøker, dvd og tidsskrift til pasientar og pårørande. Boktraller med eit utval frå biblioteket blir òg trilla rundt til avdelingane.  

Pasientbiblioteket finn du i tredje etasje i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Les meir om Pasientbiblioteket

Hagen på taket, Rosehagen og Urtehagen

Utanfor Cafe3 i 3. etasje i Sentralblokka finn du tre ulike hagar til glede for pasientar og pårørande på Haukeland. Haukelands venner sin rosehage, medisinarstudentanes urtehage med spiselege vekstar og «Hagen på taket» - ein bevaringshage som er eit samarbeidsprosjekt mellom sjukehuset og Botanisk hage som skal ta vare på trua arter.

Les meir om Urtehagen Les meir om Bevaringshagen

Kunst på Haukeland

Haukeland universitetssjukehus har mange kunstverk. Nokre av desse er kjøpt inn i samband med nybygg, andre er gåver frå enkeltpersonar, firma, organisasjonar eller stiftingar.

I tillegg til kunst, har sjukehuset mange ulike formar for utsmykking som er med på å forme det visuelle inntrykket for pasientar, besøkande og tilsette ved sjukehuset.

Les meir om kunst på Haukeland

Treng du overnatting?

Pårørande og pasientar som ikkje har behov for døgnkontinuerleg tilsyn og pleie kan bo på Haukeland hotell. Hotellet ligg sentralt plassert på sjukehusområdet, og har tilsette med sjukepleiefagleg bakgrunn til stades i resepsjonen døgnet rundt.

Dersom Haukeland hotell ikkje har ledig kapasitet, har sjukehuset avtale med nokre hotell i Bergen sentrum. Ved bestilling oppgir du at de er pårørande / pasientar ved Haukeland universitetssjukehus, og de vil få avtalepris.

Hotell som har avtale med sjukehuset i prioritert rekkjefølgje:

  • Haukeland hotell - telefon 55 20 92 00
  • Grand Hotell Terminus - telefon 55 21 25 00
  • Hotell Augustin - 55 30 40 00
  • Zander K - 55 36 20 40
  • Scandic Hotell Ørnen - 55 37 50 00
Fann du det du leita etter?