Oversiktsbilde Haukelandsområdet med Glassblokkene. Foto/illustrasjon

Glasblokkene


Eit nytt barne- og ungdomssjukehus har vore under planlegging på Haukeland heilt sidan slutten av 1990-tallet. I 2018 fekk sjukehuset navnet Glasblokkene. I 2016 vart første byggetrinn tatt i bruk, og i 2023 er Glasblokkene komplett. 

Det er barn og ungdom som skal spele hovudrolla i det nye sjukehuset. Her skal ein samle all behandling av dei under 18 år som skjer på Haukeland, både innan psykiatri og somatikk. Grunntanken er at «eksperten skal komme til barnet». Det vil seie at barna og ungdommen skal få både utgreiing, behandling, opphald, skulegang og aktivitetstilbod på same stad.​ I det nye sjukehuset vil fødande kvinner og deira familier få einerom. Mor og barn vil også få moglegheit til å vere saman sjølv om ein eller begge er sjuke.

Glasblokkene vil mellom anna innehalde sengepostar, poliklinikkrom, operasjonssalar, røntgenavdeling, intensiveining og mottak, og vil gje eit tilpassa sjukehustilbod til målgruppene.​

Desse flyttar inn i nytt bygg​​​

Har flytta inn i Glasblokkene, trinn 1 i 2016/2017

Barne- og ungdomsklinikken (tidlegare Barneklinikken) har flytta inn i Marie Joys’ hus (nytt bygg sør for Sentralblokka, like ved helikopterdekket) i påvente av at trinn 2 står ferdig ved årsskiftet 2022/2023.

Flyttar inn i Glasblokkene, trinn 2 i 2023

Tal og fakta

​Det største byggeprosjektet på Haukeland sidan Sentralblokka stod ferdig i 1983. Byggeprosjektet starta med trinn ein i 2011, som stod ferdig hausten 2016. Trinn to skal stå ferdig ved årsskiftet 2022/2023. Innflytting skjer i august 2023. 

Utanom bygginga av Sentralblokka, er bygginga av det nye sjukehuset det største prosjektet på Haukeland nokon sinne. Arealet til det nye sjukehuset vil vere omlag 79 000 kvadratmeter når alt står ferdig (trinn ein: omlag 29 000 kvm., trinn to: omlag 50 000 kvm).

Samla investeringskostnadar utgjer om lag 5,4 milliardar kroner​. 

Glasblokkene vil ha omlag 80 prosent einerom. Prosjektet "Innovative løysinger for einerom i sykehus" har gått igjennom relevant kunnskap og erfaringar om einerom i sjukehuset for å kartlegge utfordringar og moglege løsingar. 

​Første byggetrinn

Første byggetrinn stod ferdig hausten 2016. Dei første som tok plass i det nye bygget var Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) og Energisenteret for barn og unge. Delar av Psykiatrisk klinikk (tidlegare Klinikk for psykosomatisk medisin) flytta også inn i det nye bygget, men berre mellombels medan ein ventar på at areal i andre bygningar blir frigjort.​

Andre byggetrinn

Under trinn to av byggeprosjektet vart bygga som tidlegare husa Barneklinikken og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge rive. Barne- ungdomsklinikken har mellombels flytta inn i eit avlastningsbygg kalla "Marie Joys’ hus" (nytt bygg sør for Sentralblokka, like ved helikopterdekket), til trinn to står ferdig ved årsskiftet 2022/2023. Sommaren 2023 flyttar vi inn og tar i bruk heile arealet i Glasblokkene.

Organisasjonsutvikling 

Vi har ein visjon om at pasientar og deira familiar skal få oppleve eit heilskapleg, tilpassa og samanhengande spesialisthelsetenestetilbod - heilt frå før fødselen, gjennom sped– og småbarnsalder, i ungdomsåra og fram til ung voksen alder. 

Skal vi få til dette må vi gjere meir enn å bygge hus. Gjennom eit omfattande organisasjonsutviklingsprosjekt jobbar vi dagleg med å førebu oss til å ta i bruk det nye sjukehuset. Vi ser på og utviklar pasientforløp og arbeidsprosessar. Vi jobbar med å sjå korleis teknologi, kompetanse, kultur og organisering kan underbygge visjonen.  

Leiar for organisasjonsutviklingsprosjektet: Elisabet Nørvåg

 
Ea er storbrukar av tenestene ved Haukeland. Ho og mora Karethe ser fram til at det nye sjukehuset er på plass i 2023.

​Prosjektleiarar - bygg og organisasjon 

Arkitektar ​

I 2006 kåra juryen vinnarforslaget etter ein arkitektkonkurranse om korleis Barne- og ungdomssjukehuset skal sjå ut. Plan- og designkonkurransen omfatta heile byggeprosjektet. Vinnarforslaget var konseptet "Knase Tangenter".

Les meir om arkitektane​
 
 
Ea er ofte innom ulike avdelingar på Haukeland. Ho og mora Karethe ser fram til at det nye sjukehuset står klart i 2023. - Det blir bra at alle som jobbar med barn er samla ein stad. Vi håper på meir koordinerte timer og eit sjukehus som er tilpassa barn og unge, sier Karethe Solstad.

 SLIK BLIR GLASBLOKKENE: I filmen over får du bli med inn og sjå bygget tre år før opning - i kombinasjon med digitale animasjonar som viser korleis Glasblokkene blir i framtida. 

Sjå fleire bilete og skisser: Slik blir Glasblokkene
Fann du det du leita etter?