Vi bygger framtidas sjukehus

​Framtida skapar vi i dag. Dersom vi skal sikre gode tilbod til pasientar og pårørande om 20-30 år, må vi allereie no planlegge korleis sjukehuset skal utvikle seg. Bygningane er viktige rammer for sjukehusdrifta.
Midt mellom hundre år gamle bygg veks eit nytt sjukehus fram. Kvart år bruker vi om lag ein milliard kroner på nye bygg og nytt utstyr for å sikre at vi kan møte dagen i dag og framtida på ein god måte.

​Framtida skapar vi i dag

Men like viktig som bygningane, er alt det nye medisintekniske utstyret. Vi har prioritert å investere innanfor eige budsjett, i tillegg har vi fått gåver frå eksterne givarar. Det har gjort at Haukeland universitetssjukehus er blant dei sjukehusa i landet som har det mest avanserte og tidsriktige utstyret. Det kjem pasientane til gode.

Vi har dei siste åra fått mange nye lokale for ruspasientar og pasientar innan psykisk helsevern. Dette er ei heilt bevisst satsing på svake grupper som tidlegare ikkje har fått den merksemda dei har hatt behov for.

Det største byggeprosjektet vårt er  Barne- og ungdomssjukehuset. Her samlar vi all behandling av barn og unge som skjer på Haukeland, i tillegg til å få føde- og barseleininga ved Kvinneklinikken i same lokale som eininga for nyfødde ved Barneklinikken. Til saman skal vi investere fem milliardar kroner i Barne- og ungdomssjukehuset. Eit formidabelt løft som forpliktar!
​​  
Det blir heile tida jobba hardt for å sikre at vi kan gjere dei investeringane som er nødvendige. Vi har fått til mykje, men det kjem stadig nye utfordringar. Vi held blikket framover, planlegg langsiktig og investerer for framtida!​
Fann du det du leita etter?