Informasjon om timeavtale og besøk i Helse Bergen

Under koronavirus-epidemien har vi restriksjonar på besøk i sjukehuset for å hindre smitte. I tillegg må alle pasientar fylle ut skjema 3 dager før dei kjem til sjukehuset (lenke til skjema lenger ned på denne nettsida)

Besøk på sjukehuset etter avtale

Vi har fortsatt begrensingar på besøk grunna koronavirus-epidemien. Hvis du skal på besøk på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande besøksrutinar.

Reglar for besøk på sjukehuset: 

  • Du kan ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon
  • Alle besøk skal avtalast med aktuell avdeling på førehand
  • 1-2 besøkande om gongen
  • Max. 30 minuttar per besøk
  • Besøk skal skje i visittid
  • Du kan ikkje kome på besøk om du er i heimekarantene
  • Du kan ikkje kome på besøk medan du ventar på prøvesvar mtp. covid-19-smitte
  • Har du vore på utanlandsreise, kan du ikkje kome på besøk før 10 dagar etter heimkomst
  • Besøkande skal utføre handhygiene når dei kjem til sjukehuset, også ved besøk utandørs
  • Besøkande bør gå direkte til og frå pasientrommet. Dersom pasienten ikkje ligg på einerom, kan besøk tilretteleggjast i besøksrom e.l.
  • Besøkande skal halde avstand (minst 1 meter) til tilsette, til andre pasientar enn den dei besøker, og til andre pasientar sine besøkande 
  • Besøkande bør som hovudregel også halde avstand (minst 1 meter) til den dei besøker, unntak er mellom husstandsmedlemmer
  • Besøkande skal ikkje ta med mat eller nytte kjøkken i sjukehuset
  • Pasienten skal utføre handhygiene når dei besøkande forlét rommet
  • Besøkande skal utføre handhygiene når dei forlét sjukehuset
  • Besøkande som får symptom på covid-19 med påfølgande prøvetaking, skal opplyse om at dei har vore på besøk i sjukehuset som del av smittesporinga

Vi vil spesielt leggje til rette for besøk til dei som er kritisk sjuke eller døyande, pasientar med langvarige opphald, når pasient eller pårørande er barn, eller for ein partnar i forbindelse med føde- og barselstid. 


 
 

Pasientar med timeavtale

Før du kjem til timen, vil vi kartleggje om du kan vere smitta av koronaviruset. Derfor må alle pasientar fylle ut skjema 3 dagar før timen. Pasientar kan ha med følge til polikliniske konsultasjonar. 

Pasientar må fylle ut skjema 3 dagar før dei kjem til timen

Vi ber deg om å fylle ut skjemaet på helsenorge.no 3 dagar før timen. Du vil få tilsendt lenke til denne sida på SMS. 

Fyll ut skjema på helsenorge.no

Dette krev at du har oppretta brukar på helsenorge.no og at du har gitt fullt samtykke. Dersom du ikkje kjem inn på eller får til å fylle ut skjemaet, må du ringe avdelinga der du skal møte (sjå innkallingsbrev) eller sentralbordet (telefon 55 97 50 00). 
Du treng ikkje svare på skjemaet når du skal ha telefon- eller videokonsultasjon. 

Kontrollspørsmål når du kjem til timen

Når du møter opp til timen vil vi stille deg, og eventuelt din følgjeperson, dei same kontrollspørsmåla ein gong til. Husk å berekne tid til dette før timen.
Her er spørsmåla (pdf) 
  • Dersom du svarer nei på alle spørsmåla vil timen bli gjennomført som planlagt.
  • Dersom du svarer ja på eitt eller fleire av spørsmåla, vil ansvarleg behandlar (lege, psykolog eller annan) vurdere om du skal få gjennomført timen, eller om den må utsetjast.
  • Dersom behandlaren meiner at timen kan gjennomførast ved telefon eller video, vil du få tilbod om dette.

Treng du følgje til timen?

Dei besøkande må ta kontakt med aktuell avdeling for å planlegge besøket. Ein kan ikkje kome på besøk dersom ein har vore i utlandet dei siste ti dagane.

Dersom timen blir utsett

På grunn av koronavirus-epidemien kan timen din bli endra. Du vil då bli kontakta av oss per telefon eller brev. Dersom du er uroleg eller opplever forverring i tilstanden din medan du ventar på ny time, må du ta kontakt med avdelinga der du skal møte (sjå innkallingsbrev), eller med fastlegen din.

Konsultasjon per telefon eller video kan erstatte fysisk time

For deg som ikkje treng fysisk oppmøte for å få behandling, kan timen gjennomførast per telefon eller video. Du vil få nærmare informasjon om dette dersom det er aktuelt.

Meir informasjon om korona

Meir om korona-situasjonen på våre nettsider helse-bergen.no/korona

In English