Blodbanken Helse Bergen

Blodbanken i Helse Bergen er den største blodbanken på Vestlandet fordelt på Haukeland sjukehus, Blodbussen og Voss sjukehus.
Det er over 100 tilsette ved avdelinga, og vi har både bioingeniørar, sjukepleiarar, helsesekretærer, legar, kontorpersonale og assistentar.

Vi har fått app. Den finner du ved å søke Blodbanken der du laster ned apper. Der finner du også meir informasjon om blodbussen.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Parkering for blodgivarar med Sesam Sesam

Sesam Sesam på Haukeland universitetssjukehus: Bommane og billettautomatane er no fjerna til fordel for eit skiltgjenkjenningssystem. Det vil seie at eit kamera les bilnummeret ved inn- og utkøyring. 

Blodgivarar har tidlegere fått betalingsfritak ved å få stempla parkeringsbilletten sin. Denne praksisen blir no endra.

Ny løysing

For deg som blodgivar blir parkeringa mykje enklare. Du køyrer som vanleg inn i parkeringshuset, men no utan å trekkje parkeringsbillett. 
Hugs å notere deg bilnummeret ditt. Dette må du hugse når du møter opp til timen din.

Registrer ditt eige parkeringsfritak i nettbrett ved reseisjonen.  Parkeringa blir da oppdatert, slik at du ikkje blir belasta for parkeringsavgift.

Blodgivarar har fri parkering i 3 timar.
Etter timen treng du ikkje foreta deg noko anna enn å køyre ut av parkeringshuset. Du må ikkje vise billett, eller betale.

Vidare informasjon om parkering som blodgivar finn du på blodbanken-bergen.no eller i Blodbanken-appen.

Parkeringsplassar
Det er eigne parkeringsplassar for blodgivarar på parkeringsdekket i Sentralblokka. Desse plassane ligg på nordsida av parkeringsdekket og er skilta. I forbindelse med byggearbeid er det berre innkøyring til parkeringsdekket frå sør i 2020. Du kan parkere kor som helst du finn ein ledig plass, ikkje berre på dei reserverte plassane.

Fann du det du leita etter?